Dommarar
I einskildsaker blir Arbeidsretten sett med sju dommarar: to av dei faste fagdommarane, ein tilkalla varadommar for fagdommarane og fire dommarar som er oppnemnde etter innstilling (framlegg) frå organisasjonane i arbeidslivet.
Arbeidsretten består av ein leiar, ein nestleiar, ein tredje fagdommar og fire andre dommarar. I tillegg blir det oppnemnt varadommarar. Dei tre fagdommarane i Arbeidsretten er embetsmenn. Dei andre fire dommarane og varadommarane blir oppnemnde av Kongen for tre år om gongen.
Varadommarane for fagdommarane i Arbeidsretten blir oppnemnde etter framlegg frå Arbeids- og sosialdepartementet, og utan at organisasjonane i arbeidslivet gjev noko innstilling. Dei fire andre dommarane med varadommarar blir oppnemnde etter innstilling frå arbeidsgjevarforeiningar og fagforeiningar etter nærare reglar som er gjevne i § 39 i arbeidstvistlova. Eigne reglar om innstillingsrett i saker der staten er part, finst i tenestetvistlova § 25.
Varadommarane gjer teneste dersom dei faste dommarane har forfall. Varadommarane som er oppnemnde etter innstilling frå organisasjonane, har dessutan ein annan viktig funksjon. Det følgjer av arbeidstvistlova § 38 at når andre enn organisasjonane som har gjeve innstilling til dei faste dommarane er partar, skal retten setjast med varadommarar som er føreslegne av dei organisasjonane som er partar i saka.
Frå 1. mars 2012 skal sidegjeremåla til dei tre fagdommarane registrerast, jf. arbeidstvistlova § 36 tredje ledd. Føremålet med dette registeret er å sikre openheit og at det ikkje skal vere rom for tvil om at dommarane er uavhengige. Det er Arbeids- og sosialdepartementet som fører registeret.
Lenke til regjeringen.no om Arbeidsretten
Dei faste dommarane i Arbeidsretten
- Arbeidsretten sin leiar er Tron Løkken Sundet
- Nestleiaren er Hanne Inger Bjurstrøm
- Den tredje juridiske dommaren i Arbeidsretten er Eli Mette Jarbo
Desse er oppnemnde som dommarar ved handsaming av saker etter arbeidstvistlova for perioden 1. september 2026–31. august 2029:
- Tor-Arne Solbakken, Rygge (LO)
- Jan Olav Andersen, Oslo (LO)
- Rolf Andreas Negård, Oslo (NHO) (ny)
- Knut-Marius Sture, Bærum (NHO) (ny)
Desse er oppnemnde som dommarar ved handsaming av saker etter tenestetvistlova for perioden 1. september 2026–31. august 2029:
- Nina Sandborg, Oslo (Akademikerne) (Ny)
- Anja Fog Heen, Oslo (Akademikerne) (Ny)
- Inger Harstveit, Oslo (DFD)
- Jan Helge Pettersen, Oslo (DFD)
Varadommarar
Varadommarane er oppnemnde for perioden 1. september 2026–31. august 2029:
Varadommarar for leiar Tron Løkken Sundet, nestleiar Hanne Inger Bjurstrøm og dommar Eli Mette Jarbo:
- Lagdommer Eirik Akerlie, Oslo
- Lagdommer Marit Bjørånesset Frogner, Oslo
- Lagdommer Ida Skirstad Pollen, Bærum
- Pensjonert høyesterettsdommer Knut Herbrand Kallerud, Oslo
- Professor Marianne Jenum Hotvedt, Asker
- Professor Alexander Sønderland Skjønberg, Oslo
- Pensjonert høyesterettsdommer Kristin Normann, Oslo
- Pensjonert høyesterettsdommer Wilhelm Eger Matheson, Oslo
- Pensjonert høyesterettsdommer Arne Ringnes, Oslo
- Pensjonert tingrettsdommer Johan Kristian Øydegard, Bærum (Ny)
Varadommarar for Tor-Arne Solbakken og Jan Olav Andersen:
- Anne Bondevik, Drammen (LO)
- Sissel Weholdt, Oslo (LO)
- Lasse Kolstad, Bærum (Unio)
- Anne Merete Bull, Oslo (Unio)
- Mimi Bjerkestrand, Bergen (Unio)
- Børre Kristiansen, Tjeldsund (Unio) (Ny)
- Nina Sandborg, Oslo (Akademikerne) (Ny)
- Bjørn David Mannes, Bærum (Akademikerne) (Ny)
- Anja Fog Heen, Oslo (Akademikerne) (Ny)
- Karl Erik Birkeland, Sortland (Akademikerne) (Ny)
- Jarl Yngve Glent, Oslo (YS)
- Christopher Rasmus Navelsaker, Oslo (YS)
- Jorunn Berland, Bergen (YS)
- Per Jostein Ekre, Oslo (YS) (Ny)
- Gunn Olander, Voss (YS)
- Lise Dragset, Trondheim (NITO)
- Siri Røine, Oslo (NITO) (Ny)
- Elisabeth Jensen, Andøy (Lederne) (Ny)
- Roy Vikre, Haugesund (Lederne) (Ny)
Varadommarar for Rolf Andreas Negård og Knut-Marius Sture:
- Karl Johan Kolltveit, Bærum (NHO)
- Birgitte Stenberg Kravik, Oslo (NHO) (Ny)
- Margrethe Husebø, Oslo (NHO)
- Bjørn Johan Hope, Stavanger (NHO)
- Tom Fossmark, Stavanger (KS)
- Roar Reiten, Ålesund (KS)
- Bjarne Mohn Olsvold, Bergen (KS) (Ny)
- Sigrid Fritzvold, Trondheim (KS)
- Karl Mork, Arendal (KS) (Ny)
- Julie Emilsen Bäckstrøm, Sarpsborg (KS)
- Cathrine Lødrup, Bærum (Virke)
- Frode Christensen, Bærum (Virke)
- Kjersti Solheim Johansen, Bærum (Virke)
- Marianne Vernan, Oslo (Virke)
- Christina Styrvold Wiggen, Bærum (Virke)
- Stine Kvalen Andersen, Oslo (Virke)
- Cathrine Hennig, Asker (Spekter)
- Kurt Weltzien, Nordre Follo (Spekter) (Ny)
- Nicolay Skarning, Oslo (Spekter)
- Merete Longva Lindland, Bærum (Spekter) (Ny)
- Anja Steinfeldt-Reisse, Nesodden (Spekter) (Ny)
- Thor Johansen, Oslo (Spekter)
- Margunn Sørskår, Stavanger (Norges Rederiforbund)
- Tore Ulleberg, Oslo (Norges Rederiforbund)
- Bent Ove Hanasand, Stavanger (Norges Rederiforbund)
- Anne Melgaard Tårn, Stranda (MEF) (Ny)
- Gry Lene Kløvstad, Kongsberg (MEF) (Ny)
- Siri Holand Andresen, Lillestrøm (MEF)
- Hanne Rennemo, Asker (PBL)
- Arild Magne Olsen, Bodø (PBL)
- Anne Berit Lyng Malmo, Verdal (PBL)
- Tommy André Larsen, Halden (PBL)
- Britt Børke, Kongsberg (PBL)
- Thor Gordon Eikeland, Sola (PBL)
- Inger Lise Wølner, Notodden (PBL) (
- Christian Fredrik Solberg, Østre Toten (PBL)
Varadommarar for Nina Sandborg og Anja Fog Heen:
- Karl Erik Birkeland, Sortland (Akademikerne) (Ny)
- Tone Rønoldtangen, Nes (LO Stat)
- Fredrik Thorleif Oftebro, Oslo (LO Stat) (Ny)
- Lise Torill Olsen, Oslo (LO Stat) (Ny)
- Eivind Kristoffer Gran, Lillestrøm (LO Stat)
- Ragnhild Lied, Stranda (Unio) (Ny)
- Victor-Bjørn Nielsen, Bergen (Unio)
- Ann Turid Opstad, Oslo (Unio)
- Bjørn-Håkon Eketuft-Rygh, Oslo (Unio) (Ny)
- Victoria Elisabeth Krefting Rynning, Oslo (YS)
- Rune Rudberg, Lillestrøm (YS)
Varadommarar for Inger Harstveit og Jan Helge Pettersen:
- Kjerstin Bretteville-Jensen, Oslo
- Trond Bigseth, Oslo
- Geir Haugstveit, Oslo
- Siri Forren, Trondheim (Ny)