Organisasjon

Arbeidsretten er ein spesialdomstol som handsamar tvistar mellom tariffpartar om eksistensen og gyldigheita til tariffavtalen og korleis avtalen skal forståast. Domstolen blei oppretta ved lov om arbeidstvister 6. august 1915 nr. 2 og starta verksemda si 1. januar 2016.

Verksemda til domstolen blir no regulert av lov 27. januar 2012 nr. 9 om arbeidstvister og lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister. I tillegg til den dømmande verksemda deltek Arbeidsretten i internasjonalt fagleg arbeid, mellom anna ved å lage rapportar og halde innlegg på møte for europeiske arbeidsdomstolar.

Administrativt ligg Arbeidsretten under Arbeids- og sosialdepartementet. Arbeidsretten er ein domstol der retten i kvar einskild sak blir sett med fagdommarar og arbeidslivskunnige dommarar. Retten har tre faste fagdommarar. Andre dommarar og varadommarar blir utnemnde av Kongen i statsråd for tre år om gongen etter innstilling frå arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganiasjonar og etter framlegg frå departementet.

Tilsette

Det er fire heiltidstilsette ved kontoret til Arbeidsretten fordelt på tre juridisk stillingar og éi sekretærstilling.

Arbeidsretten sin leiar er Tron Løkken Sundet.
Nestleiaren er Hanne Inger Bjurstrøm
Den tredje dommaren i Arbeidsretten er Eli Mette Jarbo.
Arbeidsretten sin sekretær er Tove Kirkeby.