Dommarar

I einskildsaker blir Arbeidsretten sett med sju dommarar: to av dei faste fagdommarane, ein tilkalla varadommar for fagdommarane og fire dommarar som er oppnemnde etter innstilling (framlegg) frå organisasjonane i arbeidslivet.

Arbeidsretten består av ein leiar, ein nestleiar, ein tredje fagdommar og fire andre dommarar. I tillegg blir det oppnemnt varadommarar. Dei tre fagdommarane i Arbeidsretten er embetsmenn. Dei andre fire dommarane og varadommarane blir oppnemnde av Kongen for tre år om gongen.

Varadommarane for fagdommarane i Arbeidsretten blir oppnemnde etter framlegg frå Arbeids- og sosialdepartementet, og utan at organisasjonane i arbeidslivet gjev noko innstilling. Dei fire andre dommarane med varadommarar blir oppnemnde etter innstilling frå arbeidsgjevarforeiningar og fagforeiningar etter nærare reglar som er gjevne i § 39 i arbeidstvistlova. Eigne reglar om innstillingsrett i saker der staten er part, finst i tenestetvistlova § 25.

Varadommarane gjer teneste dersom dei faste dommarane har forfall. Varadommarane som er oppnemnde etter innstilling frå organisasjonane, har dessutan ein annan viktig funksjon. Det følgjer av arbeidstvistlova § 38 at når andre enn organisasjonane som har gjeve innstilling til dei faste dommarane er partar, skal retten setjast med varadommarar som er føreslegne av dei organisasjonane som er partar i saka.

Frå 1. mars 2012 skal sidegjeremåla til dei tre fagdommarane registrerast, jf. arbeidstvistlova § 36 tredje ledd. Føremålet med dette registeret er å sikre openheit og at det ikkje skal vere rom for tvil om at dommarane er uavhengige. Det er Arbeids- og sosialdepartementet som fører registeret.

Lenke til regjeringen.no om Arbeidsretten

Dei faste dommarane i Arbeidsretten

  • Arbeidsretten sin leiar er Tron Løkken Sundet
  • Nestleiaren er Hanne Inger Bjurstrøm
  • Den tredje juridiske dommaren i Arbeidsretten er Eli Mette Jarbo

Desse er oppnemnde som dommarar ved handsaming av saker etter arbeidstvistlova for perioden 1. september 2023–31. august 2026:

  • Tor-Arne Solbakken, Rygge (LO)
  • Roger Hansen (LO)
  • Bent Ove Hanasand, Rennesøy (NHO)
  • Christine Grung, Askøy (NHO) (ny)

Desse er oppnemnde som dommarar ved handsaming av saker etter tenestetvistlova for perioden 1. september 2023–31. august 2026:

  • Tone Rønoldtangen, Nes (LO Stat)
  • Geir Bjørkli, Trøgstad, (LO Stat)
  • Inger Harstveit, Oslo (KMD)
  • Jan Helge Pettersen, Oslo (KMD)

Varadommarar

Varadommarane er oppnemnde for perioden 1. september 2023–31. august 2026:

Varadommarar for leiar Tron Løkken Sundet, nestleiar Hanne Inger Bjurstrøm og dommar Eli Mette Jarbo:

  • Lagdommer Eirik Akerlie, Oslo
  • Lagdommer Marit Bjørånesset Frogner, Oslo (Ny)
  • Lagdommer Ida Skirstad Pollen, Bærum (Ny)
  • Pensjonert høyesterettsdommer Knut Herbrand Kallerud, Oslo (Ny)
  • Professor Marianne Jenum Hotvedt, Asker
  • Førsteamanuensis Alexander Sønderland Skjønberg, Oslo (Ny)
  • Pensjonert høyesterettsdommer Liv Gjølstad, Oslo (fram til 01.09.2024)
  • Pensjonert høyesterettsdommer Georg-Fredrik Rieber-Mohn, Ringerike (fram til 01.09.2024)
  • Pensjonert høyesterettsdommer Steinar Tjomsland, Oslo (fram til 01.09.2024)

Varadommarar for Tor-Arne Solbakken og Roger Hansen:

  • Sissel Weholdt, Oslo (LO) (Ny)
  • Jan Olav Andersen, Oslo (LO) (Ny)
  • Anne Bondevik, Drammen (LO) (Ny)
  • Lasse Kolstad, Bærum (Unio) (Ny)
  • Anne Merete Bull, Oslo (Unio)
  • Evy Ann Eriksen, Porsgrunn (Unio)
  • Oddgeir Lunde, Sunnfjord (Unio) (Ny)
  • Arne Laudal Refsum, Bærum (Akademikerne)
  • Per Egeness, Asker (Akademikerne)
  • Kaare Marius Engebretsen, Oslo (Akademikerne)
  • Lars Marius Heggberget, Melhus (Akademikerne) (Ny)
  • Sindre Kvammen, Arendal (Akademikerne)
  • Kristin Kornelia Utne, Oslo (Akademikerne) (Ny)
  • Knut Arild Knutsen, Kristiansand (Akademikerne) (Ny)
  • Kjersti Borgen, Oslo (Akademikerne)
  • Gunhild Stenersen, Oslo (Akademikerne) (Ny)
  • Roar Johnsen, Stjørdal (Akademikerne) (Ny)
  • Christopher Navelsaker, Oslo (YS) (Ny)
  • Jarl Yngve Glent, Oslo (YS) (Ny)
  • Jorunn Berland, Bergen (YS)
  • Stein Johansen, Bærum (YS)
  • Gunn Olander, Voss (YS)
  • Torhild Johannessen, Moss (YS) (Ny)
  • Lise Dragset, Trondheim (NITO)
  • Jan Olav Brekke, Stavanger (Lederne)
  • Ottar Torflåt-Vannberg, Bergen (Lederne)

Varadommarar for Bent Ove Hanasand og Christine Grung:

  • Karl Johan Kolltveit, Bærum (NHO) (Ny)
  • Anne-Lise Aukner, Oslo (NHO)
  • Margrethe Husebø, Oslo (NHO) (Ny)
  • Bjørn Johan Hope, Stavanger (NHO) (Ny)
  • Per Kristian Sundnes, Lørenskog (KS)
  • Inger Marie Højdahl, Oslo (KS)
  • Tom Fossmark, Stavanger (KS)
  • Sigrid Fritzvold, Trondheim (KS)
  • Roar Reiten, Ålesund (KS)
  • Julie Emilsen Bäckstrøm (KS)
  • Cathrine Lødrup, Bærum (Virke) (Ny)
  • Marte Solberg, Oslo (Virke) (Ny)
  • Frode Christensen, Sandvika (Virke)
  • Kjersti Solheim Johansen, Bærum (Virke) (Ny)
  • Marianne Vernan, Oslo (Virke)
  • Christina Styrvold Wiggen, Bærum (Virke)
  • Stine Kvalen Andersen, Oslo (Virke)
  • Randi Johanne Løvland, Oslo (Spekter)
  • Cathrine Hennig, Asker (Spekter)
  • Kim Nordlie, Oslo (Spekter)
  • Lars Haukaas, Oslo (Spekter)
  • Nicolay Skarning, Oslo (Spekter)
  • Jan Inge Pettersen, Rælingen (Spekter) (Ny)
  • Thor Johansen, Oslo (Spekter)
  • Hilde Christiansen, Stavanger (Spekter)
  • Margunn Sørskår, Stavanger (Norges Rederiforbund)
  • Tore Ulleberg, Oslo (Norges Rederiforbund)
  • Bent Ove Hanasand, Stavanger (Norges Rederiforbund) – også oppnevnt av NHO
  • Siri Holand Andersen, Lillestrøm (MEF)
  • Geir Arne Lodgaard, Trondheim (MEF) (Ny)
  • Hanne Rennemo, Asker (PBL)
  • Arild Magne Olsen, Bodø (PBL)
  • Anne Berit Lyng Malmo, Verdal (PBL)
  • Tommy Larsen, Halden (PBL)
  • Britt Børke, Kongsberg (PBL)
  • Thor Gordon Eikeland, Sola (PBL)
  • Inger Lise Wølner, Notodden (PBL) (Ny)
  • Christian Fredrik Solberg, Østre Toten (PBL) (Ny)

Varadommarar for Tone Rønoldtangen og Geir Bjørkli:

  • Randi Stensaker, Bærum (LO Stat) (Ny)
  • Eivind Gran, Lillestrøm (LO Stat) (Ny)
  • Per Egeness, Asker (Akademikerne)
  • Arne Laudal Refsum, Bærum (Akademikerne)
  • Kristin Kornelia Utne, Oslo (Akademikerne) (Ny)
  • Sindre Kvammen, Arendal (Akademikerne)
  • Kaare Marius Engebretsen, Oslo (Akademikerne)
  • Lars Marius Heggberget, Melhus (Akademikerne) (Ny)
  • Kjersti Borgen, Oslo (Akademikerne)
  • Morten Skaarer, Oslo (Akademikerne) (Ny)
  • Ann Turid Opstad, Oslo (Unio) (Ny)
  • Victor-Bjørn Nielsen, Bergen (Unio) (Ny)
  • Kjetil Mørk, Larvik (Unio) (Ny)
  • Mimi Bjerkestrand, Bergen (Unio)
  • Victoria Elisabeth Krefting Rynning, Oslo (YS) (Ny)
  • Rune Rudberg, Lillestrøm (YS) (Ny)

Varadommarar for Inger Harstveit og Jan Helge Pettersen:

  • Kjerstin Bretteville-Jensen, Oslo
  • Geir Haugstveit, Oslo
  • Trond Bigseth, Oslo
  • Kirsten Agerup, Færder (Ny)