Saksnummer: 05/2021
Løpenummer: AR-2021-17
Landsorganisasjonen i Norge (LO) med Fellesforbundet
Advokat Håkon Angell
mot
1. Hovedorganisasjonen Virke
2. Asko Vest AS
Advokat Anette Brinchmann Pollen
Saken gjelder: Krav om forhåndsdrøftelser med tillitsvalgt etter Hovedavtalen Virke § 4-4.7 sjette ledd
Dommere: Wahl, Jarbo, Tjomsland, Solbakken, Christensen, Rasmussen, Falmår
Notat: Avsluttet ved dom.
Status: Avgjort
Avgjørelsesdato: 16.06.21
Sammendrag: Hovudavtala mellom Virke og LO § 4-4.7 bestemmer at arbeidsgjevar før oppseiing av ein tillitsvalt, skal drøfte spørsmålet med dei andre tillitsvalte (arbeidsutvalet). Arbeidsgjevaren hadde ikkje hatt møte med arbeidsutvalet før den tillitsvalde blei sagt opp. Den tillitsvalde hadde saman med den hovudtillitsvalte deltatt i drøftingsmøte etter arbeidsmiljølova § 15-1. Bedrifta gjorde gjeldande at dette oppfylte den tariffrettslege plikta til førehandsdrøfting. Arbeidsretten kom til at drøftingsmøte etter arbeidsmiljølova § 15-1 ikkje kunne erstatte den tariffrettslege plikta til å drøfte med arbeidsutvalet. Det blei også gjort gjeldande frå arbeidsgjevarsida at brot på drøftingsplikta var ein regel om saksbehandling som ikkje utan vidare gjorde oppseiinga ugyldig. Dette førte ikkje fram. Dom for at oppseiing i strid med ei tariffavtalt plikt er ugyldig var ein nødvendig tariffrettsleg verknad av at arbeidsgjevar hadde brote tariffavtala. Ugyldigheit følger av tariffhøvet og treng ikkje særskild heimel i lov eller tariffavtale.
Vedlegg (Arbeidsrettens avgjørelse):
AR-2021-17 - sak 5-2021