Sakshandsaming

Kven kan reise sak for Arbeidsretten?

I utgangspunktet er det organisasjonane i arbeidslivet som er partar i saker for Arbeidsretten.

Hovudregelen er at det berre er dei overordna partane i ein tariffavtale som kan reise sak. Dersom ein tariffavtale er ein del av eit større avtaleverk, må partane i den overordna avtalen fremje saka for Arbeidsretten.

Særlege føresegner gjeld for særavtalar i statleg sektor, der partane i særavtalen har søksmålskompetanse.

Dersom det blir lagt ned påstand mot namngjevne medlemmer av ei foreining eller andre namngjevne personar, skal desse personane stemnast i tillegg til foreininga, jf. arbeidstvistlova § 35 fjerde ledd.

Før ei sak blir ført inn for Arbeidsretten, må partane i avtalen ha forhandla om tvisten. Protokollar eller referat frå slike forhandlingar, eller anna bevis for at ein har forsøkt å forhandle, skal liggje ved stemninga. Dersom slikt bevis manglar, kan ikkje Arbeidsretten handsame saka, jf. arbeidstvistlova § 35 tredje ledd og § 45 fjerde ledd.